onsdag 26. januar 2011

RELASJONSORIENTERT KLASSELEIING

INNLEIING
I denne oppgåva i praktisk pedagogikk, skal eg slik eg forstår oppgåveteksten visa kompetanse i planlegging, tilrettelegging, gjennomføring og vurdering av læringsmiljø og elevane si læring. Eg skal kunna grunngje dette i lys av teoretisk kompetanse, erfaringsbasert kompetanse og yrkesetisk refleksjon. Oppgåva skal omhandla relasjonsorientert klasseleiing. I eit 4-timars undervisningsopplegg eg hadde i ei helsefagklasse, satte eg fokus på variasjon i undervisninga. Eg valte dette fokuset fordi eg meiner variert undervisning gjev eit større grunnlag for å bli kjent med kvarandre i klasserommet, og at eg ved å leggja til rette for variasjon lettare kan bidra til å skapa ein relasjon som fremmar fagleg kompetanse hos elevane. Til inspirasjon til nye metodar og framgangsmåtar for å få gjennomført varierte læringsmetodar på ein måte som er evaluert til å vera god, har eg faglitteraturen og didaktikken. På grunn av avgrensing i oppgåva med tanke på ordtal, kjem eg ikkje til å visa til kor og kven eg henta inspirasjon til variert undervisning ifrå. Eg har valt å sjå på undervisningsopplegget mitt i lys av den didaktiske relasjonsmodellen og Oxford Researchs stianalyse av ei nasjonal elevundersøkjing frå 2009 i høve til undervisninga.

DRØFTING
På oppdrag av Utdanningsdirektoratet analyserte Oxford Research ei elevundersøking på nasjonalt nivå i 2009. Denne analysa tar for seg korleis ulike faktorar av betydning i elevane sitt læringsmiljø; direkte og indirekte påverkar kvarandre (www.udir.no). Resultatet visar mellom anna at

tilpassing av opplæringen og gode relasjoner mellom elever og lærere øker elevenes motivasjon. Elevenes motivasjon (interesse for fagene og lyst til å lære) har positiv effekt på elevenes innsats og utholdenhet. Innsats, opplevelsen av tilpasset opplæring og motivasjon har igjen en positiv og direkte effekt på elevenes karakterer (www.udir.no).

I Opplæringslova (§ 1-2) står det om at vi som lærarar skal gje tilpassa opplæring til elevane, elevane har rett til å få opplæring i samsvar med sine evner og forutsetjingar. Mi erfaring er at det er så og seia umogleg å til ei kvar tid oppnå at alle elevane har ei tilpassa opplæring samtidig i klassesamanheng. Ein kan tilstreba det, men det skal godt gjerast å klara å bidra til at alle elevane kontinuerleg opplever at dei får ei læring som ligg perfekt i høve til sitt aktuelle utviklingsnivå. Men ved variert undervisning tenkjer eg sjansane aukar for at fleire av elevar får vist sine ulike interesser og talent, og dermed får fleire måtar å visa kva kunnskapsnivå dei ligg på innafor eit fagfelt. Og på den måten aukar ein sjansen for å engasjera fleire av elevane. Kva skal så til for at ein som lærar har ei relasjonsorientert klasseleiing?

Eg ser nærare på figuren til Oxford Research sin stianalyse av elevundersøkinga (2009). Sjå: http://www.udir.no/Artikler/_Brukerundersokelser/Stianalyse-Elevundersokelsen/

Ein ser at det å ha ein arbeidsplan er prikært for å kunna evaluera læringsutbyttet av undervisninga. Som lærar må ein laga ein plan ut ifrå rammefaktorane som er gitt i Opplæringslova (1998) og Kunnskapsløftet (2006). Ein god reiskap er å nytta den didaktiske relasjonsmodellen (omtalt mellom anna i Andersen, 2003). Det er altså av stor betydning i relasjonsorientert klasseleiing, å ha ein plan med det ein gjer,- ja, kva skal ein oppnå med den varierte undervisninga? Som førebuing tek eg for meg kompetansemåla i læreplanen, men i klasserommet kan elevane få vera med å utarbeida læringsmål for undervisninga. Det er i følge analysa viktig at elevane får kunnskap om mål, kva som er forventa av dei ift. kompetansemål, og samtidig får dei vera med å bestemma formuleringa for læringsmåla den gitte timen. Dessutan har kvar enkelt elev og eg òg ei medbestemming for korleis undervisninga utartar seg, i kraft av dei vi er. Den eg er og den personen kvar enkelt elev er, gjev seg utslag i interaksjonen, og påverkar dermed internaliseringa av kunnskap. Det er derfor, tenkjer eg, at eit undervisningsopplegg kan fungera godt i ei klasse og ikkje i ein annan; det er derfor ein lærar må vera dynamisk i høve til å tidvis bryta med sin opprinnelege plan.

I eksempelet eg no kjem med frå ei klasse innan helsefag, var tema perifer venekanyle. Eg vel her å presentera ei grovskisse over undervisningsprosessen, basert på den didaktiske relasjonsmodellen, her presentert under omgrepa: Planlegging, gjennomføring, evaluering. Målet vart at: Elevane skal etter endt undervisning læra korrekt stikketeknikk, samt kunna om komplikasjonar knytt til det å leggja inn ei kanyle hos ein pasient.

Undervisninga
Planlegging økt 1
Las igjennom gamle loggar elevane hadde skrive i høve til ønske om endra stil på undervisning. Såg på kompetansemål i Læreplanen, hadde introduksjonsvideo som visa stikketeknikk, laga powerpoint med oppskrifta og oversikt over komplikasjonar. Klargjorde dukkearm og utstyr til å stikka veneflon på øvingsrommet.

Gjennomføring
Kort presentasjon av innhald i undervisninga. Utarbeida læringsmåla (som nemnt over) saman med faglærar og elevane. Spurte åpne spørsmål om kva elevane kunne frå før om pvk (perifer venekanyle), såg video. Dialog knytt til videoen. Kun grov gjennomgang av powerpointpresentasjon, då denne vart lagt ut på It’s learning. Praktisk gjennomgang kor eg demonstrerte stikking på dukkearm.

Evaluering
Valte presentasjon i form av presentasjon med rom for dialog, då det er viktig at ei korrekt vegleiing vert presentert, då det er fare for at ein pasient kan få alvorlege komplikasjonar dersom elevane gjer feil ved innlegging av nål. Alle skal derfor kunna det same innhaldet om tema. Valte òg denne formen for undervisning fordi det var kort tid til dette tema. Variert innafor ”kateter”-undervisning, men oppfatta at det no var på tide at elevane fekk vera meir aktive.

Planlegging økt 2
Tenkte igjennom forrige undervisning, der fekk eg mellom anna kartlagt at 4-5 elevar tidlegare hadde stukke pvk i praksis. I ein tidlegare logg frå ein elev var det ønske om noko drama i undervisninga då eg har drama grunnfag frå før. Fann kostyme og sminke slik at eg kunne sjå ut som ei gammal dama. Baka ei kaka. Pvk-utstyr og dukkearm tilgjengeleg.

Gjennomføring
Presenterte måla igjen for undervisninga (samme som forrige økt). Bad alle elevane finna fram pc og lesa powerpointpresentasjonen frå forrige time i It’s learning. Dei fekk kaka samtidig. Medan elevane var opptatt med dette, gjekk eg ut på øvingsrommet, kledde meg ut/sminka meg som ei gammal dama og såg til at utstyret til pvk- innlegging låg lett tilgjengeleg, samt eg hadde klar ei oppskrift på stikketeknikk på eit ark. Så ropa eg ”hjelp” med innleving. Elevane kom inn og var først litt forskrekka, men så tok dei fatt på oppgåva om ”å gje denne gamle dama, Rakel, noko intravenøs væske”. Ein av dei som hadde stukke før, turde å prøva seg på å stikka meg. Eg vegleia litt etter kvart i rolla som ”Rakel”, samt at elevane hjalp kvarandre ut ifrå oppskrifta som låg tilgjengeleg. Evaluerte munnleg etter denne økta. Så var det gruppearbeid kor dei alle skulle øva å stikka på dukkearm og korrigera kvarandre. Eg (og faglærar pga. meir effektivt) fulgte med på dette, og påsåg at elevane øvte inn rett stikketeknikk. Berekna tid tid til rydding. Evaluerte til slutt dagens undervsiningsøkt.

Evaluering
Elevane fekk repetert forrige undervisning. Dei fekk oppleva at i kvardagen som helsearbeidarar er det viktig å ha eit godt blodsukkernivå, samt at ting brått kan skje midt i eksempelvis ei roleg matøkt. Dei fekk kjenna noko på å jobba under noko stressa situasjon, og ta ansvar og fordela ansvar seg imellom. Dei vegleia underveis til den eleven som stakk, og lærte av feil den som stakk meg gjorde. Dei fekk le litt over at læraren låg med bleie og såg ut som ei gammal dame. Dei fekk då dei alle skulle stikka på dukkearm, kjenna på at det å legga inn pvk inneheld ein del tekniske finessar og det kan vera ei utfordring å hugsa rekkefølge på kva ein gjer kor tid. Elevane meinte dei kom til å lettare hugsa undervisninga pga. uvanleg at læraren spela drama i kostyme. Nesten alle elevane opplevde at dei hadde oppnådd læringsmåla vi hadde satt for undervisninga, dette vist ved handsopprekking og munnlege tilbakemeldingar.

EVALUERING OG AVSLUTNING
Eg har knytt omgrepet relasjonsorientert klasseleiing opp til Oxford Research analyse av ei den nasjonale elevundersøkjinga frå 2009, og i tilknytning til dette lagt fram mitt undervisningsopplegg i lys av den didaktiske relasjonsmodellen.

Det eg brenn for å få fram, i høve til tema ei relasjonsorientert klasseleiing, er at det nødvendige er ei haldning om at kvar enkelt elev er unik og eig ”skattar” som eg som lærar må leggja til rette for at kjem fram i lyset,- alle har noko flott å læra vekk og visa til andre! Som lærar har eg eit mål og ei plikt til å gje alle elevane utfordringar som tilsvarar kvar enkelt si proksimale utviklingssone, dvs. bidra til tilpassa opplæring. Dette meiner eg er lettare å bidra til ved å variera undervisningsformer. Ved å nytta varierte læringsmetodar, skapast det, slik eg opplever i praksis; engasjement og ei glede blant elevane i høve til det å læra fagkunnskapar. Eg opplever at elevane på varierande tidspunkt får ei oppleving av meistring, som igjen kanskje kan skapa mot og engasjement på felt dei enno ikkje har kunnskapar om eller det å prøva metodar for læring som dei enno ikkje er vane med. I dette ligg det slik eg ser det, for meg som lærar og rollemodell, at eg sjølv må tørra å ta nye utfordringar ved å forsøka uvante og for meg nye måtar å formidla ein bodskap på. Det å kasta seg ut i noko ukjent landskap, bærer alltid frukter, meiner eg. Eg sjølv og elevane lærer noko uansett,- til og med når undervisningsopplegget ikkje fungerte som planlagt. Ved å leggja til rette tid for både elevane og meg eksempelvis i slutten av ei undervisningsøkt til å evaluera, vert vi meir medvitne om kva vi har lært,- og få fram idèar til kva som kan gjerast annleis ein annan gong for å få meir uttelling i høve til læringsmåla vi satte.

Kommentar
I figuren (sjå: http://www.udir.no/Artikler/_Brukerundersokelser/Stianalyse-Elevundersokelsen/) over stianalysen til Oxford Research, kjem det fram at relasjonen til læraren er av betydning for motivasjon og innsats til elevane i eit fag. Eg har i oppgåva komt noko inn på det, men ønskjer å supplera at det i Kunnskapsløftet (2006: 12) mellom anna står:

En god lærer kan inspirere ved oppmuntring, ved å gi opplevelse av mestring og ved å gi bekreftende tilbakemeldinger om vekst.

Eit hjelpemiddel i pedagogisk ”ånd” er å gje elevane ”to stjerner og eit ønske”, som går ut på å gje elevane (minst) to konkrete og ærlege rosande tilbakemeldingar for noko dei har formidla, og eit konkret og positivt formulert ønske om kva dei kan strekka seg etter og gjerne koma med ein plan for korleis ein i lag med eleven kan oppnå forbetring. Eg opplevde i undervisningsøkta eg hadde, tidsklemma imellom det å gjennomgå eit undervisningsopplegg og det å prioritera god tid til evaluering.
Eg nytta denne gongen dessverre ikkje "to stjerner og eit ønske", men prøvde å passa på å gje elevane rosande tilbakemeldingar undervegs der eg la merke til gode spørsmål dei stilte og dyktige prestasjonar dei viste. Eg trur ved dei tilbakemeldingane eg gav var med å skapa noko tryggleik i utfordrande situasjonar, slik at dei kanskje lettare opplevde meistring og vekst i høve til læringskurve. Lettast var det i andre undervisningsøkt, då eg fekk følga kvar enkelt tettare ift. stikketeknikk på dukkearmen, og sjå på samarbeidet dei hadde som heil klasse og i mindre grupper. Men uansett korleis eg snur og vender på det, sit eg igjen med tanken om at eg ikkje kjem på å rosa elevane nok. Verken i høve til mykje av det dei bidrar med ved sin personlegdom, eller det eg og medelevar oppfattar av det dei formidlar at dei kan av reint faglege kunnskaper,- dei fortener meir.


LITTERATURLISTE

Bok
Andersen, Kjell (2003). Innføring i mesterlære, yrkesdidaktikk og veiledning. Kristiansand: Høyskoleforlaget AS


Internett
Utdanningsdirektoratet (2006). http://www.udir.no/Artikler/_Brukerundersokelser/Stianalyse-Elevundersokelsen/ . Henta 26.01.2011 frå: www.udir.no

Utdanningsdirektoratet (2006). http://www.utdanningsdirektoratet.no/upload/larerplaner/generell_del/Generell_del_lareplan_bm.rtf. [Kunnskapsløftet]. Henta 26.01.2011 frå: www.udir.no


Utdanningsdirektoratet (2006). http://skolenettet.no/Web/Veiledninger/Templates/Pages/Article.aspx?id=69798&epslanguage=NO. Henta 26.01.2011 frå: www.skolenettet.no

[Opplæringslova] (1998). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, kap.1-2. Henta 26.01.2011 frå: www.lovdata.no

torsdag 22. april 2010

Studentlivet med data i hende

Hei!:)

Eg heiter Signe. Født på vestlandet kor eg fekk bryna meg blant 3 brødre i ein god del år. Så stakk eg til Gjøvik ein svipp før eg kom tilbake igjen til byen over alle byar. Bergen. Og her har eg budd siste 8 åra under ulike adresser.;) Vore innom litt ymse studieliv, og har foreløpig enda opp med å jobba som sjukepleiar. Har massevis av interesser, er rimeleg spontan av meg. Nyskjerrig på kva dagen vil bringa i det eg lempar beina på soveromsgolvet på morgonkvisten (morgonkvisten=relativt).;) Slengte inn ein søknad i 2009 og vart 50% student på høgskulen på Stord på si. PPU. Det er dette studiet som er grunnen til at eg no sit her og opprettar ein blogg. Ikkje verst bare det.

Tema eg har fått beskjed om å skriva om i dag er: IKT i skulekvardagen. Oppgåva: utfordringar eg opplever og måtar dei vert takla på.

Utfordringar: Som lærar er det bare å sjå i kvitauga at dei aller fleste elevane ikkje har nok sjølvdisiplin til å la vera å snika seg innpå facebook, diverse chatte-sider og sjekka kinobillettar i timen, evt. skriva i bloggen sin.;) Dei ligg halvt på halv åtta på stolen, ser halvsløvt inn i dataskjermen, og skvett til i det du nemner namnet deira i høve til at dei skal svara på eit spørsmål. Einaste som kan riva dei laus frå skjermen og den skriftlege dokumentasjonen dei held på med: om dei skal sitja saman på bussen etter timen er ferdig og om sminken til Josefine eigentleg var noko suksess i dag.... er å skru på den siste nye DVD-filmen på lerretet i front. ELLER nemna namnet deira høgt, og stirra intenst på dei... kanskje dei andre lettar på hovudet og stirrar saman med meg på eleven. Evt. kan eg som lærar byrja å dansa på kateteret. Det er ei utfordring med ei datamaskin til kvar elev tilgjengeleg i timen. Er det ikkje?

Eg fant ut at eg fekk testa ut ulike metodar. Bli ein lærar som lærer og brukar litt list og kunnskap. Det er MEG eller datamaskina som vinn... eller kanskje vi til og med kan vera på nett! Testa ein time ut å lesa intenst på wikipedia om diverse fagleg stoff. Serverte ein konsis kommentar om at elevane ikkje fekk åpna lap'topen før eg sa det. Bad dei jamnleg om å reisa seg og ta fugledansen igjennom timen. Distraheringsmanøvre i fleng. Og litt undervisning innimellom. Men så. Folkens. Åpna opp lokket på lap'toppen. Nu! Omgåande. Søk opp det og det på wikipedia, dåke har 3 minutt til å lesa igjennom. ...(venta i eit minutt.) -Funne ut kva ditt og datt?-... neeei, nokre jo! -To minutt igjen.... (venta i eit minutt). -Funne ut neste greia om detta tema?? neeei, ååå jooo! Tre minutt gått. OK! Fortell meg folkens. Kva heiter det? Kor mykje det? Korleis... (div. spm. om tema der). Skryt i etterkant til elevane. Jammen santen! Forsøket funka. Iallefall i den klassa. Skal dela ut oppgåver til elevane med same prinsipp som denne testen. Nett som at eg i dag fekk utdelt oppskrift på å oppretta blogg her i dag... Det er gunstig at lærarane er i forkant når det gjeld databruk. Som lærar må eg læra elevane å bruka data i mindre grad i timen, ser det ut for. Paradoksalt? Det beste er at elevane sjølv fortel korleis dei best lærer fagstoff og ikkje, slik at dei er med på å laga spelereglane ift. stirring på ein skjerm. Det er nok haldninga det kjem an på. "God gammaldags folkaskikk". Respekt for læraren og medelevar sin tidsbruk og sitt nærvær. Om ikkje anna, så høyres det iallefall fint ut dei orda der...